Dersom biletet er større enn biletvindauget vil du bare kunne sjå ein del av biletet på skjermen. I slike tilfelle vil den synlege delen av biletet bli vist som ei ramme på dialogvindauget. Du kan dra ramma rundt i dialogvindauget for å velje kva område som skal visast på skjermen.
Dette er ein dialog som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i Del 2.3, «Dialogar og samlevindauge («dokker»)».
Du har tilgang til dialogvindauget
frå biletmenyen via
→ → ,eller frå fanemenyen ein annan dialogmeny ved å klikke på fanen
og velje →
eller frå biletmenyen via
→Den raskaste måten er likevel å klikke på ikonet
i nedre, høgre hjørnet av biletvindauget. Denne metoden aktiverer ikkje zoom-funksjonen.
Enkel og grei i bruk. Litt meir presis enn forstørr-kommandoen.
Knappane Zoom ut , Zoom inn
og Zoom 1:1
treng ikkje nærare forklaring.
Gjer at heile biletet får plass i det brukte biletvindauget.
Biletstorleiken og forstørringsgraden blir justerte slik at heile biletet kan visast i biletvindauget med minst mogleg forstørring.
Sett biletvindauget slik at heile biletet kan visast utan å endra forstørringa.Denne kommandoen er også eit menyinnslag. Sjå meire om det i Del 5.5, «Tilpass vindauget».